skald.no > Utgjevingar > Grautmål
Er du ein igraol? Har du ein god kodde i sofaen, for det er vel fønøne når du ligg og dusmar? I 2006–2008 sende NRK Sogn og Fjordane programserien «Grautmål: Hyllest til dialektord frå Sogn og Fjordane» der innringjarar i samtale med journalist Arve Uglum presenterte og forklarte ord og uttrykk dei kjende frå eige talemål.
Innb. 15,2 x 23,8 cm, nynorsk, 213 sider.
I bokversjonen er dialogen mellom heimelsfolka og Uglum gjengitt i talemålsnær form. Deretter gir språkvitar og systrending Øystein A. Vangsnes fyldige kommentarar til, og omkring, orda og talemålet basert på tilgjengelege kjelder og eigen kjennskap til dialektane i fylket.
Last ned smakebit frå boka her:
- Smakebit: Grautmål
ISBN 9788279591504
Kr 199,-