skald.no > Utgjevingar > Godnattboka – nynorske forteljingar

Gunvor Rasmussen

Godnattboka – nynorske forteljingar

Godnattboka – nynorske forteljingar

Dette er den første godnattboka med berre nynorske forteljingar. Boka samlar 22 nye godnatthistorier skrivne av forfattarar frå heile Vestlandet, både etablerte skribentar og debutantar.

Vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2007!

6000 eksemplar!

Innb, 16,7 x 23,8 cm, nynorsk, 224 sider, rikt illustrert, 3. opplag

Gunvor Rasmussen sine spreke illustrasjonar gir boka ei unik fargedrakt. Med Godnattboka debuterer den kjende BT-illustratøren innanfor barnebokgenren.

Målgruppe: Forteljingane rettar seg mot barn frå 6 år og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing (frå 8 år). I byrjinga av boka finn ein lettleste forteljingar som eignar seg for dei yngste. Utover i boka vert forteljingane meir avanserte og rettar seg mot eldre barn.

Les smakebit av boka:
- Smakebit: Godnattboka

PRESSE OG MEDIA OM BOKA:
– Stor honnør til forlaget for eit kreativt utval av forfattarar![…] Boka er enkelt sagt veldig fin, skriv Janne Karin Støylen på nynorskbok.no (4. juni 2008).

Les heile omtalen på: www.nynorskbok.no

– Godnattboka kan godt ende opp som eit moderne standardverk, skriv juryen for Nynorsk barnelitteraturpris i grunngjevinga si (april 2008).

Les heile grunngjevinga på: www.nm.no

– Hele konseptet er strålende, og historiene holder høy kvalitet. I tillegg er boken nydelig og kunstferdig illustrert, skriv Elisabeth Høye i Foreldre og barn (12/2007)

– Forteljingane som foreldre har leita etter, skriv Petra J. Helgesen i Bergens Tidende (23. oktober 2007)
Les heile omtalen på: www.bt.no

– Sterk og god, skriv Kirsten Viker Lunde i Oppland Arbeiderblad (17. oktober 2007)
Les heile omtalen på: www.oa.no

– En solid samling med historier som holder et jevnt høyt nivå, med herlige illustrasjoner av Gunvor Rasmussen. Som du kan kose deg med lenge. Det bør være mulig å finne en og annen favoritt her, som kan leses igjen og igjen, skriv Marte Björklund i Bergensavisen (8. oktober 2007).

www.barnebokkritikk.no

– Ei både vakker og sprudlande bok, skriv Jorid Mathiassen i Bok og Samfunn (nr. 18, 2007)

– Forlaget har satsa stort og laga ei flott praktbok som er trykt på miljøvenleg papir, skriv Gunhild Aaslie Soldal i Nationen (25. september 2007)

– LNK NYTT: www.lnk-nytt.no

Forfattar- og tittelliste:
* Brit Bildøen: Når alt går i vasken
* Ingunn E. Wiken: Sofagrisen Sylfest
* Henning Riverdal: Grautsnasken
* Heidi Marie Vestrheim: Knølkvalen Kai
* Anne Mette Hjelle: Den vesle blå sykkelen
* Frode Grytten: Finn har ein tiger under senga
* Katrine Sele: Rosa prinsesse bestemmer alt
* Ragnar Hovland: Ulven under senga
* Odd Njøs: Då han vesle Nils fekk seg høna
* Helga Gunerius Eriksen: Godnatt Iberia
* Tove Bakke: Brevpost
* Turid Måseide: Natt i farmorhuset
* Bergljot Engeset: Den fine tonen
* Terje Hellesen: Båten med den rolege senga
* Karl Seglem: Syng ein song
* Trond Morten Kristensen: Miranda og loftet
* Eirik Helleve: Kjæledyr
* Sylfest Lomheim: Pilastein
* Einar Økland: Foten
* Finn Øglænd: Emilie og operastemma
* Erna Osland: If you snooze, they lose
* Atle Hansen: To appelsinar

ISBN 9788279591078
Kr 298,-