skald.no > Utgjevingar > Fykande frø - lydbok

Olav Åm

Fykande frø - lydbok

Fykande frø - lydbok

Pensjonert skuledirektør i Sogn og Fjordane, Olav Åm (f. 1918), gav i 1998 ut diktsamlinga «Fykande frø».
Forlaget SKALD har ei tid vore utselt for denne samlinga, men i staden for å gi ho ut i papirutgåve på nytt, vert samlinga no gitt ut som lydbok.

Det er Åm sjølv som har lese inn tekstane i 2004 og 2005.

«Fykande frø» er forteljingar frå eit langt liv skore til beinet, og boka fekk svært gode kritikkar då ho kom ut. Lars Gisnås i avisa «Oppdalingen» skreiv i 1998 mellom anna: «Det er ei vakker bok åttiårige Åm har skrive. Vakkert, slik det blir når det unge mennesket ser framover, når det gamle mennesket ser seg attende. Vakkert, slik det blir når mannen stoppar opp, ser seg ikring.»

– Her kan du høyre ein smakebit: Fykande frø.mp3
ISBN 978-82-7959-066-8
Kr 175,-