Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Fridtjov & Ingebjørg er ei forteljing om vennskap og makt og samstundes ei av dei mest underhaldande sogene om og frå vikingtida. Boka er ein frodig illustrert og forenkla versjon av den kjende norrøne soga om Fridtjov den frøkne.

Soga handlar om Fridtjov frå Sogn og hans kjærleik til Ingebjørg, dotter til kong Bele. Etter at kongen døyr, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er i mot eit bryllaup mellom Ingebjørg og Fridtjov. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter etter kvart systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.

Dei siste ti-åra har denne delen av den norske kulturarven vore vanskeleg tilgjengeleg. I fjor vart nyomsetjinga av heile den gammalnorske teksten utgitt i ny språkdrakt av Jon Fosse, Soga om Fridtjov den frøkne (SKALD, 2013).

Med den illustrerte og lettlesne Fridtjov & Ingebjørg vert den handlingsmetta Romeo og Julie-forteljinga frå vikingtida no for første gong utgitt i familieutgåve.