skald.no > Utgjevingar > Forelska

Rebecca Dautremer

Forelska

Forelska

Alle barn har høyrt om kjærleik, men mange veit kanskje ikkje heilt kva ordet betyr. Kjærleiken er rundt oss kvar einaste dag, og dei vaksne snakkar om han heile tida. Men kva er eigentleg kjærleik? Kva er det å vera forelska? Boka fekk pris for beste barnebok i Frankrike i 2003.

Innb. 24,5 x 23 cm, nynorsk, 32 sider.

Rébecca Dautremer (f. 1971) skriv om kjærleik frå eit barneperspektiv. Ho stiller spørsmål som barn stiller. Ho svarar som barn svarar. Det er barna som snakkar med kvarandre, som reflekterer over det dei har høyrt om kjærleik og forelsking. Dautremer er utdanna frå L’Ecole nationale superieure des arts decoratifs (ENSAD) i Paris.

Last ned smakebit frå boka her:
- Smakebit: Forelska

PRESSE OG MEDIA OM BOKA:

– Eg kan godt forstå at bibliotekarane i Frankrike kåra dette til beste biletbok i 2003, skriv Guri Fjeldberg i Bergens Tidende.

ISBN 9788279591474
Kr 199,-