skald.no > Utgjevingar > Førdefestivalen
Førdefestivalen er den største internasjonale folkemusikkfestivalen i Skandinavia og ein av knutepunkt-festivalane i Norge. Festivalen har kjempa seg gjennom medgang og motgang, barne-sjukdommar og skot for baugen til den no står fram som ein godt moden 20-åring. No får denne fargeklatten av ein festival si eiga bok!
Du treng ikkje å reise til masaiane i Afrika for å oppleve ei natt du aldri vil gløyme. Du kan reise til Førde. Festivalen føregår ikkje berre i mørke konsertsalar med semiformell kleskodeks og stive likjefingrar; den skjer i gamle sperrestover og midt i rabarbraskogen til Nikolai Astrup. Den skjer i og rundt gatene - Førde eksploderer i fargar, lukt og rytmar desse fire dagane i året. Små born sug til seg inntrykk til dei er så mette at dei byrjar å glippe med auga og sovnar med ei streng formaning på leppene: Vekk meg neste gong indianarane kjem! Slik Heyerdahl samla ulike kulturar på ein balsaflåte, samlar festivalen dei i vesle Førde. Vi har dessutan reist motsett veg og besøkt nokre av artistane i heimlanda deira, i Afrika og Sibir. Desse og mange andre forteljingar kan du lese i boka om Førdefestivalen. Fleire forfattarar og fotografar har bidrege: Olaug Nilssen, Katrine Sele, Tomas Espedal, Oddleiv Apneseth, Knut Utler.
"Snill bok om Førdefestivalen"
På scenekanten - NRK sjå bloggen her.
Last ned smakebit frå boka her:
- Smakebit: Førdefestivalen
Innb. 24 x 26 cm, nynorsk/engelsk, 224 sider.
ISBN 9788279591641
Kr 399,-