Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Bunad er populært som aldri før. Men korleis vart alle dei ulike bunadene i Sogn til? Kva er det som skil dei frå kvarandre? Korleis har dei utvikla seg frå nasjonsbygginga til vår tid?

I boka Folkedrakter og bunader frå Sogn fortel forfattar Bjørg Hovland nært og personleg frå eit langt liv i bunad, og om gleda over dei vakre bunadene som vekte hennar interesse for temaet.

I boka går ho attende i tid og skildrar korleis sogningane kledde seg til høgtids på 1800-talet då nasjonalromantiske målarar oppdaga fjord, fjell og folk her i Sogn. Hovland har gått på oppdagingsferd i målarkunst og klede og gjer histo­ria levande for oss gjennom ord og bilete.