skald.no > Utgjevingar > (filantropicana)
det er berre fortida
som kan forandrast
(...)
fortida
ligg framom oss
på ein forunderleg måte
ho er uendeleg stor og
uendeleg vakker
(filantropicana) er eit drama med sterke episke og lyriske innslag, og ein tidlegare versjon vart sett opp på Sogn og Fj. Teater i 2002. I rollene: ein heilt alminneleg tapar (HAN), og ein som kunne ha besøkt han (VENEN).
Innb, 12 x 20 cm, nynorsk, 132 sider
Teksten skildrar hovudpersonen sin altoverskuggande lengt etter kjærleik. Fragment frå verkelegheita vert sette saman i ein freistnad på å koma til botnen av denne lengten. Sidan barndomens bilete er betre enn sjølve livet, formar HAN sine eigne minne.
Grønskag (1972–2004) var frå Kalvåg i Sogn og Fjordane. Han var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt ved Kunst- og Handverkskolen i Bergen.
ISBN 978-82-7959-038-5
Kr 198,-