Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

I 2015 kåra lesarane av National Geographic Færøyane til Årets destinasjon. Dei grøne øyane i havet trekker turistar som aldri før, og nordmenn reiser for å oppleve eit øysamfunn med røter i norsk historie.

Forfattar og kulturjournalist Ottar Fyllingsnes står bak boka som er meir enn ein vanleg reiseguide, og som opnar døra til historie, kultur og kvardag på Færøyane. Fyllingsnes har leita attende i den felles norsk-færøyske historia etter grunnlaget for, og utviklinga av, mikrostaten vest i havet. For korleis kan eit øysamfunn med så mykje motgang, likevel vera eit moderne velstandssamfunn i medgang?

Færøyane er ein kulturhistorisk vegvisar med stor tematisk breidd i eit lite geografisk landskap. Fyllingsnes skriv mellom anna om sjølvstendestriden, krisa i kystfisket, kampen for språket og olsokfeiringa, som også er Færøyane sin nasjonaldag. Lesaren får gjennom møte med folk, kultur og næringsliv eit unikt innblikk i korleis Færøyane er i dag, samstundes som forfattaren trekker linjer i samfunnsutviklinga heilt attende til vikingtida.

Relaterte titlar