Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Har du høyrt om trampetrollet som ville danse? Visste du at dodidodidyret helst berre ville klemme heile dagen? Har du nokon gong sett ei ekte kvapserumpe? Ei eventyrleg og fargerik bok for barn frå 6 år som fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing.

Eventyrboka innheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, andre har skrive heilt nye. Dei første eventyra i boka passar for dei yngste. Utover i boka vert eventyra meir avanserte. Dette er oppfølgjaren til suksessen Godnattboka som kom ut i 2007.

Som i Godnattboka har Gunvor Rasmussen fått utfalda seg i eit praktfullt og eventyrleg illustrasjonsunivers.

Forteljingane rettar seg mot barn frå 6 år og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing. I byrjinga av boka finn ein lettleste forteljingar som eignar seg for dei yngste. Utover i boka vert forteljingane meir avanserte og rettar seg mot eldre barn.