skald.no > Utgjevingar > Eventyrboka

Solveig Aareskjold, Ingelin Røssland, Solfrid Sivertsen, Gunvor Rasmussen, Erna Osland, Einar Økland, Atle Hansen

Eventyrboka

Eventyrboka

Har du høyrt om trampetrollet som ville danse? Visste du at dodidodidyret helst berre ville klemme heile dagen? Har du nokon gong sett ei ekte kvapserumpe? Ei eventyrleg og fargerik bok for barn frå 6 år som fungerer både til
høgtlesing og sjølvlesing.

Innb. 16,5 x 23,5 cm, nynorsk, 224 sider

Eventyrboka innheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, andre har skrive heilt nye. Dei første eventyra i boka passar for dei yngste. Utover i boka vert eventyra meir avanserte. Dette er oppfølgjaren til suksessen Godnattboka som kom ut i 2007.

Som i Godnattboka har Gunvor Rasmussen fått utfalda seg i eit praktfullt og eventyrleg illustrasjonsunivers.

Målgruppe: Forteljingane rettar seg mot barn frå 6 år og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing (frå 8 år). I byrjinga av boka finn ein lettleste forteljingar som eignar seg for dei yngste. Utover i boka vert forteljingane meir avanserte og rettar seg mot eldre barn.

SØLV I ÅRETS VAKRESTE BØKER 2010!

Last ned smakebit frå boka her:
- Smakebit: Eventyrboka

Forfattar- og tittelliste:
* Laura Djupvik: Prinsessa utan namn
* Bente Bratlund: Trampetrollet som ville dansa
* Karl Seglem: Første fabel om Opus
* Terje Hellesen: Den store løyndomen om korleis ein jaktar gnu
* Roald Kaldestad: Den kvite guten og den svarte jenta
* Turid Måseide: På den andre sida av nordlyset
* Ingelin Røssland: Torneprinsen
* Solfrid Sivertsen: Stemma som blei borte
* Stein Erik Lunde: Jenta som sakna
* Ingunn E. Wiken: Trastejenta som ikkje ville flyga
* Bente Bing Kleiva: Prinsesse Mobin og kongeriket
* Marita Liabø: Smilla og Trylletrollet
* Erna Osland: BOSS!
* Henning Rivedal: Den reine Overfloda
* Einar Økland: Saman åleine
* Katrine Sele: Kokken frå Calabria
* Jon Hjørnevik: Kladden og trollet som ingen kunne målbinde
* Solveig Aareskjold: Dronninga i berget det blå
* Helga Gunerius Eriksen: Eventyret om framtida

PRESSE OG MEDIA OM BOKA:
Guri Fjeldberg er glad for Eventyrboka som for Godnattboka.Les heile meldinga her: www.barnebokkritikk.no

– Nokre er klassiske, andre er nyskapande. Alle er gode! […] Eg har forelska meg i kokken frå Calabria! skriv Janne Karin Støylen på nynorskbok.no (26. oktober 2009)
Les heile omtalen her: www.nynorskbok.no

– Nyskrevne nynorskeventyr med sødme, humor og moral, skriv Cathrine Krøger i Dagbaldet (15. oktober 2009)

ISBN 978-82-7959-138-2
Kr 299,-