skald.no > Utgjevingar > En smak av Røisheim
Ei kokebok der vertinna/kjøkkensjefen Ingrid Hov Lunde presenterer 21 tre-rettars menyar, supplert av ektemannen Haavard Lundes vinforslag.
UTSELD!
Sjå oppfølgjaren her: «Fru Ingrid på Røisheim»
Røisheim har sin eigen vin, med eigen etikett, importert frå Italia, og ein tur til Italia for å smake og handle inn vin er via eit eige kapittel. I tillegg inneheld boka eit kapittel om historia til Røisheim Hotell & Skysstasjon. Hotellet ligg i Bøverdalen, i innfallsporten til Jotunheimen.
På 1800-talet var garden ein skysstasjon langs Sognefjellsvegen, i dag er Røisheim eit hotell med tradisjonsrike bygningar og eit kjøkken av ypparste klasse. Ingrid og Haavard tok over som vertskap i 1998, og med Ingrid som kjøkkensjef er Røisheim staden for den som set pris på førsteklasses mat- og vinopplevelsar. Ingrid sverger til norske råvarer, gjerne med lokalt tilsnitt, tilberedt utan for mykje fiksfakseri. Presis klokka 19.30 kvar kveld ringer matklokka på tunet. Det er tid for middag. Å kome til Røisheim er ikkje som å kome til eit hotell, her blir ein ynskt velkomen til gards.
Innb, 24 x 26 cm, bokmål, 144 sider
ISBN 978-82-7959-046-0