skald.no > Utgjevingar > Eit eventyr er eit eventyr er eit eventyr

Camilla Bjørke, Marjaleena Lembcke, Sybille Hein

Eit eventyr er eit eventyr er eit eventyr

Eit eventyr er eit eventyr er eit eventyr

Ein morgon skjer det noko underleg på slottet. Kongen kosar seg med frukosten, og prinsesse Rosenraud ventar på at tenestejenta Marie skal smørje ei brødskive til henne. Men plutseleg stivnar Marie til og kan ikkje røre seg.

TILBOD: 199,-
(før: 248,-)

Kongen ropar på den trufaste tenaren Ludvig, men heller ikkje han kjem seg av flekken. I den vakre rosehagen utanfor slottet blir det brått kaldt, og blomstrane visnar. Kva i alle dagar er det som går føre seg? Jau, det står heilt stille i hovudet til forfattaren – han har fått skrivesperre. Rådlaus går han frå skrivebordet og overlèt eventyrfigurane til seg sjølve. Men kongefamilien let seg ikkje knekke og gir seg i veg for å leite etter forfattaren …

I Marjaleena Lembcke sitt moderne, ironiske eventyr lever dei fiktive figurane sine eigne liv. Dette er eit spesielt eventyr som ikkje består av spektakulære kampar mot det vonde, men av mange ordspel, ein fleirdimensjonal forteljarstil og ikkje minst frekke og nøkterne dialogar. I kjend Pirandello-stil fører oppdagingsreisa figurane til den verkelege verda utanfor eventyret, til ei moderne verd med kjøpesenter og streikar.

Boka kom for første gong ut i Austerrike i 2004, og vart tildelt «Österreichischer Kinder- und Jugendbuchpreis 2005». Dessutan er boka utpeikt av Litrix.de og Goethe Institut som ei barnebok av høg kvalitet.

Målgruppe: Frå 8 år. Boka eignar seg til høgtlesing for barn frå 6 år.

PRESSEOMTALER:
Les omtalen frå barnebokkritikk her: www.barnebok.no

NEDLASTINGAR:
Last ned ein smakebit av boka her:
- Eit eventyr er eit eventyr er eit eventyr.pdf

– Last ned bokplakaten her: Eventyr-bokplakat.pdf

ISBN 978-82-7959-089-7
Kr 199,-