Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Boka er eit festskrift til Ludvig Eikaas sin 80-årsdag, 20. desember 2000. Ho fortel om mennesket og kunstnaren, jølstringen og europearen Ludvig Eikaas – ein sentral person i norsk kunstliv fram til sin død i 2010. 

Forfattarar er Gunnar Danbolt, Inger Eri, Eivind Fossheim, Jahn Otto Johansen og Eldbjørg Tveitevåg Styve. Fotograf Oddleiv Apneseth bidreg med ein serie portrett av Ludvig Eikaas, tekne sommaren 2000.

Boka inneheld også ein tabula gratulatoria og ein katalogdel til den store jubileumsutstillinga på Eikaasgalleriet.