Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Bøkene våre er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:

Ebok.no

Ibooks

Google books

Gudedikta i det som i dag vert kalla Den eldre Edda, har levd i folkemunne i uviss tid før dei blei skrivne ned på Island på 1200- og 1300-talet. Samlinga har blitt gjenoppdaga på midten av 1600-talet og sidan, saman med Snorre-Edda (Den yngre Edda), vore det mest sentrale verket i den norrøne mytologien.

Den sceniske versjonen til Jon Fosse byggjer på fleire av dei kjende dikta som Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar

Fosse har gitt dikta si personlege form. Han har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar, og han maktar å flytte historiene nær oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne.