skald.no > Utgjevingar > Dødeleg arv
Kai Martin Brekke følgjer opp kriminalromanen «Nattergal» frå 2006 med eit nytt drama som denne gongen hovudsakleg utspelar seg i Nærøyfjorden.
Innb, nynorsk, 240 sider.
Eit lik med ei underleg religiøs tatovering driv i land ved Askelund i Balestrand. Lensmann Mikkel Holo er langtidssjukmeld, hard på flaska og frustrert, men når fleire ungdommar vert melde sakna i Indre Sogn, må han tilbake i manesjen. Internasjonal storkriminalitet og ei nyreligiøs sekt har innteke Nærøyfjorden, og aude delar av verdsarvområdet viser seg å innehalda løyndomar frå fortida – ein farleg arv.
Last ned ein smakebit av boka her:
- Smakebit: Dødeleg arv
ISBN 9788279591115
Kr 198,-