Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak.

Skribentar over heile landet har fanga inn livshistorier og refleksjonar rundt det å leve med fleire språk. Fotografen Oddleiv Apneseths unike og vake blikk gir liv til dei varierte historiene. 

Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.