Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

I det store havet er alt blått.
Ingen kan sjå den vesle blå haien.
Nesten ingen.

Haiar er gråe, men ikkje den vesle, blå haien. Han forsvinn i alt det blå. Som om alt er blått inni han også.

Den vesle blå haien er annleis enn andre haiar. Han passar ikkje inn. Han har feil farge og feil smak. Han likar ikkje fisk, berre sjøplanter. Han er åleine og usynleg.

Forfattar Øyvind Vågnes og illustratør Akin Duzakin inviterer lesarane med til ei fargerik verd under havflata.

Den vesle blå haien er ei forteljing om å vere seg sjølv, om å føle seg annleis og om venskap.