skald.no > Utgjevingar > De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor
– Når ein sogning grip ordet, vert framstillinga lett prega av at ”De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor”, seier forfattaren og opplesaren Odd Njøs. Dette er også tittelen på lydboka han no har lese inn.
For ti år sidan gav Odd Njøs ut den første boka med stubbar og replikkar frå Sogn. Til saman har det vorte tre slike bøker i samarbeid med illustratøren Janne Nes. No har han redigert og lese inn dette stoffet med publikum i salen. Det har resultert i ein dobbel-cd som forlaget SKALD no gir ut.
Dei tre bøkene ”...berre praten gaor” (1996), ”De’kje nøye om du lyge litt” (1997) og ”Godt paosmurt” (2005) inneheld nærare 600 stubbar, anekdotar og replikkar, og i tillegg ein god del samanbindande tekst. Den første boka har vore utseld frå forlaget ei tid og den andre er dei og så godt som tomme for. I staden for å trykka opp nye bøker, valde dei no å presentera stoffet på cd.
Odd Njøs er fødd i Leikanger i 1931. I 1954 vart han gift med sunnhordlandsjenta Anna som sidan har styrt han med fast hand. Etter 44 år i skulestova vart han pensjonist i 1996, og han har sidan hatt det rykande travelt. I tillegg til bokprosjekta har han halde fleire hundre kåseri i lokalradioen og i lyd og lag, og han er ei kjend stemme for mange kringom i fylket. For allsidig kulturarbeid og flittig kjeftbruk fekk han kulturprisen i Leikanger i 1990 og Kongens fortenestemedalje i 2000.
Innb, 15 x 13,5 cm, nynorsk, 2 cd-ar, 120 min, inkl. hefte om det slagferdige folkeferdet i Sogn.
PRESSEOMTALER:
– Slagferdige stubbar frå Sogn, skriv Gunhild Aaslie Soldal i Nationen (25. september)
Les bokmelding frå Nationen her.
NEDLASTINGAR:
– Her kan du høyra ein smakebit: Den utvatna sogningen.mp3
– Last ned bokplakaten her: Njos_plakat.pdf
– Du treng Adobe Reader til å opna fila. Programmet kan du lasta ned gratis her: - Adobe Reader
ISBN 978-82-7959-080-4
Kr 248,-