skald.no > Utgjevingar > Dei utruleg utrøyttelege Gapparane frå Fripp
Den vesle bygda Fripp som lever av å selja geitemjølk, vert fullstendig infisert av gapparar.
Innb, 13,6 x 24,3 cm, 96 sider, fullillustrert, nynorsk- og bokmålsutgåve.
ISBN 9788279591191 (bokmål)
Den vesle bygda Fripp lever av å selja geitemjølk. Romoane sel mjølk, Rongsane sel mjølk og det same gjer ei jente som heiter Kapabla. Ho bur saman med far sin.
Uheldigvis er bygda fullstendig infisert av gapparar. Gapparane er knall oransje med ørten auge og har ei unik evne til å få geiter til å slutta å gje mjølk. Kvar natt festar dei seg til geitene, og kvar morgon plukkar ungane i bygda dei av og hiv dei i havet. Ein dag føreslår ein glup gappar at dei skal konsentera seg om huset som er nærast havet: Kapabla sitt.
Ein hjartevarmande og fabelaktig barneroman om operasongarar, naboar, kvitmåla fisk og drøssevis av hylande gapparar.
Målgruppe: Boka eignar seg som høgtlesingsbok for barn frå 6 år og som sjølvlesingsbok for barn frå 8 år.
NEW YORK TIMES-BESTSELJAR!
Bla i boka her:
- Smakebit Gapparane (nynorsk)
- Smakebit: Gapperne (bokmål)
PRESSE OM BOKA:
– Den totale utformingen av tekst og bilder er et kunstverk i seg selv, skriv Cecilie Estelle Wiik på www.barnebokkritikk.no.
Boka vert òg anbefalt her som høgtlesingsbok www.barnebokkritikk.no. av Nina Méd juni 2009.
– Kast deg på og les i vei, skriv Kirsten Viker Lunde i Oppland Arbeiderblad og gir terningkast 5 til den absurde barneboka (18. april 2008).
Les heile omtalen på: www.oa.no
– Satire til dei vaksne, slapstick for ungane […] og ei omsetjing verdig, skriv Petra J. Helgesen i Bergens Tidende (10. mars 2008).
Les heile omtalen på: www.bt.no
– En av vårens mest sjarmerende bøker, skriv Jorid Mathiassen (Bok og Samfunn nr. 6).
– De fantastiske illustrasjonene gjør dette til en liten kunstbok. (Ord om annet, 7. april 2008)
ISBN 9788279591184
Kr 198,-