Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

«Dei døde» er tredje bok i SKALD sin klassikarserien med verdslitteraturens viktigaste verk i ny, nynorsk språkdrakt.

James Joyces «Dei døde» (1914) blir sett på som ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga Dubliners inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer.

Joyce ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og det samfunnet dei levde i, og samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett, seksualitet og generell dårskap. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag.

Med denne omsetjinga av Jon Fosse er det første gong ein tekst av James Joyce vert gitt ut på nynorsk.

Følg klassikarserien på Facebook @nynorskeklassikarar