Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Universitetet i Bergen er landets einaste byuniversitet. Eit annleis og historisk unikt universitetsområde som er vove tett saman med bymiljøet på Nygårdshøyden. Midt i bustadstrøket ligg bygningar med universitetshistorie, reist for ulike føremål i ulike stilar frå sist på 1700-talet til i dag. Byuniversitetet representerer slik store kulturhistoriske verdiar. Ein tredel av eigedomsmassen til UiB, i alt 38 bygg, er freda. Denne boka fortel om utviklinga av byuniversitetet på Nygårdshøyden og presenterer kvar av dei freda bygningane, frå Florida i sør til Dragefjellet i nord.

Nye bilete av eksteriør og interiør viser blant anna praktbygga til Universitetsmuseet, store anlegg som Geofysen med det unike Kjernefysisk laboratorium, det Japan-inspirerte Realfagbygget og moderne kontorkompleks bak historiske fasadar i samanbygde og frittståande villaer som opphavleg var bygde for byens velståande borgarskap. Originale arkitektteikningar og historiske bilete supplerer bileta av i dag.

Åse Tveitnes er redaktør for boka. Teksten er ved Eva Røyrane, Thomas Vindal Christensen har teke alle nye bilete.