Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Den kjende fotografen Knut Bry – tett følgd av forfattar Idun A. Husabø – har vitja Balestrand med hengekøya si og trava nyfikent rundt i snø og grøne enger med eit kamera i handa. No er det blitt bok av det.

Bry og forfattar Idun A. Husabø har prøvd å få auge på dagens Balestrand for å fortelje nye historier om noko som vi eigentleg trur er kjent. 

Balestrand er ei særeigen bygd der mykje er forma av den europeiske fjordturismen på 1800-talet. Kjende målarar og den tyske keisaren bidrog til å gjere Balholm eit knutepunkt for fjordtrafikken og eit høgt skatta reisemål blant kontinentale turistar. Hamskiftet frå stille fjordbygd sentrert rundt jordbruk og fiske til internasjonalt orientert turiststad har sett djupe spor i mentalitet, arkitektur og næringsstruktur. Men Balestrand er som alle andre stadar meir enn flotte kulissar. Denne boka tek sikte på å velje vinklingar som overraskar og utdjupar.