skald.no > Utgjevingar > Aurlandsvegen

Hans H. Thyri

Aurlandsvegen

Aurlandsvegen

Aurland kommune bygde fjellvegen over til Lærdal i 1960-åra. Førti år seinare får vegen status som nasjonal turistveg.

TILBOD: 199,-
(før: 248,-)

Vegen gir reisande høve til å oppleve natur og kultur i nært samspel.

Frå utsiktspunktet rett over Aurlandsvangen kan ein sjå fjordlandskapet. Oppe på fjellet møter dei vegfarande snø og is. I dei slake liene ligg stølsgrendene. Og ned mot Lærdalsfjorden finn ein den faste busettinga.
Langs vegen er det mange romslege rasteplassar. Frå desse kan ein dra på fjellturar. Ein kan ta turen opp på Blåskavlen, eller ein kan rusle langs den gamle stølsvegen. Legg ein opp til heildagstur, kan ein dra til den veglause bygda Frønningen. I fjellvatna leikar auren, og på stølsvollane lever framleis segnene om huldrefolket.

Innb, 19 x 23,5 cm, 80 sider, kart, rikt illustrert

Last ned ein smakebit av boka her: Aurlandsvegen.pdf

Du treng Adobe Reader til å opne fila. Programmet kan du laste ned gratis her: Adobe Reader

ISBN 978-82-7959-077-4
Kr 199,-