Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid, skreiv tyske DIE ZEIT om hovudpersonen i Jenta (SKALD 2013).

I Klüssendorfs nye roman April følgjer forfattaren den no såvidt vaksne jenta vidare på si reise for å finne sin identitet i eit splitta Berlin på 1980-talet. Direkte, rått og samstundes finstemt skildrar Klüssendorf erfaringa av å vere ung og med opprørstrong i ein innestengande og autoritær stat. Når ei lita luke i jernteppet så opnar seg, vert hovudpersonen kasta ut i ei anna verd, i Vest-Berlin.  

Jenta, som no kallar seg April, prøver å finne sin plass som ung vaksen i eit samfunn der tryggleik og undertrykking går hand i hand. Som vanskeleg stilt får ho tildelt ein stad å bu og ein jobb og gå til. Menn som kastar seg i armane hennar kan vaksenlivet også by på. Men kva om ho ønskjer seg noko anna enn det som blir bydd fram? Ho blir ein del av eit stille opprør, og ideen blir planta om å bryte seg fri og dra til den andre sida. Men er det så annleis der?

April har blitt omtalt som eit nytt meisterverk. Lesaren får eit usminka bilete av korleis det var å vera ung og annleis i Aust- og Vest-Tyskland før murens fall, og Klüssendorfs direkte skildring gjer det relevant og tankevekkjande også for norske lesarar, både dei som er unge og dei som hugsar at dei var det.

Boka kan lesast som ein oppfølgjar til den kritikarroste romanen Jenta (SKALD 2013), om ei namnlaus jente sin oppvekst i DDR og i ein valdeleg familie i oppløysing, men April kan også lesast som ein sjølvstendig roman.

Angelika Klüssendorf er ei sterk og annleis stemme i tysk samtidslitteratur. Ho har motteke ei rekkje utmerkingar og prisar og har vore nominert til den gjevne Deutscher Buchpreis med både Jenta og April.

Relaterte titlar