Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Solmann og Anna Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane. Dei er begge 80 år og har kjent kvarandre sidan dei var skolebarn. For seks år sidan fekk Anna eit slag som gav dei nye utfordringar. Men kvar vanske har Solmann løyst på sin eigen måte.

Då Anna blei liggjande på sjukehus i Førde eit halvt år, flytta Solmann på hybel rett bak sjukehuset. Då Anna kom tilbake til heimbygda og måtte bu på institusjon, tok Solmann henne med seg ut kvar dag på eit spesialkonstruert framkomstmiddel for at han og Anna skulle få komme seg ut i lag. Seinare blei Anna flytta til kommunesenteret, og Solmann reiste kvar dag med buss og rutebåt for å nå henne. Dei dagane rutegåande ikkje gjekk, køyrde han scooter 1,5 time kvar veg. Då scooterturen blei for farleg, kjøpte han seg båt og drog til Eivindvik, vèl ein time kvar veg, i all slags vêr. 

I ord og bilde har Osland og Apneseth dokumentert Anna og Solmanns strev for å få vere saman, gleda dei har av kvarandre og styrken dei får frå kvarandre, trass i den vanskelege livssituasjonen. Boka fortel om det vedunderlege dei får til i lag og kva som er viktig for dei og oss alle. 

Språket i boka er tilrettelagt for personar med lesevansker og spesielt tiltenkt dei som har hatt slag og har nedsett lese- og talefunksjon.