Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Bilethoggaren Anders Svor (1864–1929) frå Hornindal er kjend for statuane og bystene sine. Han har mellom anna skapt portrettbyster av samtidsheltar som Fridtjof Nansen (1902, Nasjonalgalleriet) og Adolph Tidemand (1906, Kjerulfs plass i Oslo). I Oslo står også skulpturen Etter badet (1916) ved Bislett bad og Bølgen (1913) ved Skillebekk. I Porsgrunn finn vi Skibbrudd (1921), og Foyn-monumentet står i Svend Foyn sin fødeby Tønsberg. 

Svor var elev av Julius Middelthun på Kunstindustriskolen. I 1886, 21 år gamal, drog han til København og studerte ved København Kunstakademi. I åra 1886–1892 var han elev av Herman Vilhelm Bissen. Det store gjennombrotet fekk han i 1891 då han på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin fekk gullmedalje for skulpturen David. Svor budde i Paris i 1894/1895 før han slo seg til i Oslo der han arbeidde resten av livet. 

Svor etterlét ei samling som i 1941 vart gjeven vederlagsfritt til Hornindal kommune, og i 1953 vart Svormuséet opna. I samband med markeringa av at det i 2014 er 150 år sidan Anders Svor blei fødd, gir Skald ut bok om kunstnaren i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum.  

Boka er også utgitt i norsk utgåve.