Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Eg likar å ha utsikt men eg likar å sitje med ryggen til.

Gertrude Stein (1874–1946) var ein frontfigur i den modernistiske litteraturen og ein inspirator for mange kunstnarar og forfattarar i samtida. Ho viser at modernismen, om ofte vert knytt til dystre mannlege forfattarar, også var full av leik, uventa sprell og kvinner som ikkje brydde seg om konvensjonar. Stein har hatt stor påverknad på kunsten og litteraturen og blir i dag kalla «The Mother of Modernism».

Kultklassikaren Alice B. Toklas’ sjølvbiografi er ei verkelegheitsnær, underhaldande og tørrvittig roman om det spesielle, internasjonale kunstnarmiljøet i Paris i byrjinga av 1900-talet. Gertrude Stein levde store delar av livet i Paris, midt i sentrum av det som på alle måtar var ei viktig historisk og kunstnarisk brytingstid. 

Verka hennar var så nyskapande og innovative at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus, men den verkelegheitsnære romanen om livet i Paris og miljøet rundt mange berømte kunstnarar blei ein publikumssuksess. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til Alice, skapte Stein eit verk så annleis og nytt at det også i dag er overraskande lesnad.

Boka vart i si tid skulda for å utlevere folk på ein måte som gjorde at dei to kvinnene til slutt sat vennelause att. Gertrude Stein kan såleis vera eit døme på verkelegheitslitteraturen – i dag representert ved namn som Vigdis Hjort og Karl Ove Knausgård – langt frå er noko nytt fenomen. 

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Følg klassikarserien på Facebook @nynorskeklassikarar