Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Nokre meiner ein bergensar er meir typisk enn andre,  og kvart år på den ”søttendes” slår han ut i full blomst.

Fotokollektivet Moment har dei siste åra arbeidd med å lage eit fotografisk dokument om fenomenet 17. mai i Bergen. Gjennom ein lang serie portrett av folk i alle aldrar, og med ulike kulturelle, etniske og sosiale bakgrunnar, viser fotografane eit samansett og allsidig bilde av byen og bergensaren.

Teksten i boka er av Frode Grytten som med sitt eige skarpe men også kjærlege blikk, fortel om Bergen og den typiske bergensaren.

– Når bergensaren først er i gang, må han bare kjøre på, kjøre på, kjøre på. – Hallaien, ditt helvetes rævholl! roper bergensaren lykkelig ut over Festplassen. Korleis er det mulig å ikkje vere smellforelska i ein slik by?, skriv Grytten, og smeltar slik hjarta til alle som opnar boka.