Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Turid Måseide

Turid Måseide (f. 1969) har i oppveksten budd ulike stader på Vestlandet og er no busett i Leikanger i Sogn. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen og jobbar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I fritida har ho blant anna jobba som språkkonsulent. I 2005 debuterte Måseide som omsetjar med barneboka «Alberta og kjærleiken». Med Godnattboka (2007) debuterte ho som barnebokforfattar og følgjer opp med sitt bidrag til Eventyrboka (2009).