Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Samuel Beckett

Samuel Beckett (1906–1989), fødd og oppvasken i Dublin, var ein av dei mest vesentlege forfattarane i det tjuande hundreåret. I 1928 flytta han til Paris, der han møtte landsmannen James Joyce og byrja den littære karrieren sin som tilhengar, assistent og (som han sjølv sa) imitator av Joyce. Men i staden for å streve etter å få litteraturen til å romme så mykje som mogleg, innsåg han etterkvart at hans veg måtte bli «å bli fattigare, å mangle kunnskap, å ta ting vekk, å trekke frå heller enn å legge til». Han gav avkall på morsmålet og byrje å skrive fransk, noko han i hovudsak fortsette med resten av livet.

Etter at han i 1969 blei tildelt nobelprisen i litteratur, ville forleggarane hans – både den franske og den engelske – svært gjerne ha noko nytt frå hans hand. Svaret var novella Fyrste kjærleik, som han hadde skrive i 1945, men lagt til side. No tok han teksten fram igjen. Beckett gav seg i kast med å skrive ein engelsk versjon der han gjennomarbeidde verket på nytt, og då den engelske versjonen vart ferdig, angra han til og med på utgjevinga av den franske originalen.

Mest kjend er Beckett for dramatikken og romanane sine, men sjølv såg han på prosaen han skreiv, og særleg dei kortare tekstane, som det viktigaste i diktinga si. Beckett har hatt ein uvurderleg påverknad på heile den moderne litteraturen frå andre halvdel av førre hundreåret til i dag.