Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Rolf Losnegård

Rolf Losnegård (f. 1946) er fødd i Hyllestad og bur i dag i Vårdal ved Dalsfjorden. Han er forfattar av barnebøker, noveller, dokumentarbøker og drama. Losnegård er utdanna filolog med historie, norsk og litteratur som bakgrunn og har programskaparutdanning frå NRK. Losengård har jobba i NRK, i skulen og som dramaturg ved fleire teater og vore leiar i Dramatikerforbundet. Han står bak ei rekke bøker og skodespel, blant dei Kinnaspelet. Det vestnorske fjordlandskapet er ofte bakteppe og speleplass i hans verk, særlig i dei historiske spela.