Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Robert Musil

Robert Musil (1880–1942) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarar i den tyske modernismen, og er i dag mest kjend for det ufullenda hovudverket Der Mann ohne Eigenschaften (Mannen uten egenskaper). Musil har vore samanlikna med forfattarar som Franz Kafka, Thomas Mann, James Joyce og Marcel Proust. Men i motsetnad til sine forfattarkollegaer har Musil vore mindre kjend. I det litterære billaget i The Times frå 28. oktober 1949 vart han omtalt som «the most important novelist writing in German in this half-century», og samstundes «the least known writer of the age». Verka hans har seinare hatt stor påverknad på forfattarar som Thomas Bernhard, Elfride Jelinek, Milan Kundera og J. M. Coetzee. Livsverket til den austerrikske forfattaren omfattar både romanar, novellesamlingar, drama og essays, og mange av verka speglar bakgrunnen hans frå naturvitskapen og psykologien.

Relaterte titlar