Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes (f. 1972) kjem frå  Brattvåg på Sunnmøre og bur i Bergen. Han har tidlegare skrive fire romanar, Ingen skal sove i natt (2003), Ekko (2005), Sekundet før (2010), og Sone Z (2014). For Ekko fekk han Nynorsk Litteraturpris. Vågnes har vore med i redaksjonen i litteraturtidsskriftet Vagant, og skriv fast om musikk i vekeavisa Dag & Tid. Han er også forskar, tilsett ved Universitetet i Bergen, og forfattar av fagbøkene Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture (2011) og Den dokumentariske teikneserien (2014).