Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Oddvar Torsheim

Oddvar Torsheim (f. 1938) er biletkunstnar, tekstforfattar og musikar. Han er utdanna ved Grafisk skole i Charlottenborg i Danmark og Bergen Kunst og Håndverkskole. Torsheim bur i Førde, men voks opp på Rovde på Sunnmøre og i Naustdal i Sunnfjord.

I kunsten er Torsheim samfunnskritisk, og han latterleggjer ofte fordommar i ei humoristisk form. Han har og gitt ut musikk-CD-ar og illustrerte diktsamlingar.

Det er gitt ut fleire bøker om Torsheim, m.a. Katrine Sele og Oddleiv Apneseth si Tvisynt tvilar (SKALD 2001) som vann gull i kåringa Årets vakreste bøker 2002. I 2015 fekk han tildelt sølv i denne konkurransen for illustrasjon av boka Fridtjov & Ingebjørg av Jon Fosse.