Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 og 2005, samt fleire andre norske presseprisar. Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen i 2000 og 2001 og har medverka i 15 ulike bøker, mellom anna Jølster (SKALD 2010), Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim (SKALD 2001), Det fleirspråklege Noreg (SKALD 2013) salssuksessen Norges låver (SKALD 2014) og Av stein (SKALD 2017).