Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Odd Njøs

Odd Njøs (f. 1931) er frå Leikanger og er ei kjend stemme for mange i fylket som kåsør i NRK Sogn og Fjordane og i lyd og lag. Etter at han vart pensjonist i 1996, har han vore med på eit omfattande arbeid med å samla stubbar, anekdotar og replikkar frå Sognebygdene. 

Han har mange år bak seg i skulestova og er elles kjend som ein allsidig kulturarbeidar. Han har vore organist og kordirigent gjennom ei årrekkje og vore aktiv i revymiljøet til Leikanger mannskor.

Odd har tidlegare gitt ut bøkene … berre praten gaor (1996), De’kje nøye om du lyge litt … (1997). For allsidig kulturarbeid og flittig kjeftbruk fekk han kulturprisen i Leikanger i 1990, og Kongens fortenestemedalje i 2000.