Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) kjem frå Vanylven på Sunnmøre, der ho også er busett i dag. I 2005 debuterte ho med barneboka Vaffelhjarte, og i 2009 kom Tonje Glimmerdal som ho mellom anna fekk Brageprisen for. Bøkene er omsette til mange språk, har vorte sett opp som teater og vorte NRK-serie for barn. For SKALD har Parr skrive forteljingar i antologiane Trøysteboka og Fantasiboka.