Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Karl Seglem

Karl Seglem (f. 1961) er musikar, komponist og plateprodusent busett i Oslo. Sidan debuten i 1988 har han som soloartist og med eigne grupper gitt ut 28 album. Han har i mange år arbeida med tekstar musikalsk og blant andre tonesett tekstane til Kjartan Fløgstad, Jon Fosse, Rolf Sagen, Henning Bergsvåg og Synne Lea. Seglem debuterte som poet i 2006 og som barnebokforfattar med Godnattboka. For SKALD har han i tillegg bidrege med forteljingar til Eventyrboka (2009), Trøysteboka (2011) og Monsterboka (2013). Kvit frekvens, stille spor (2013) er hans andre diktsamling.