Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Jørg Kvam

Jørg Kvam (1939) er fødd i Bergen og voks opp i Høyanger. Han har bedriftsøkonomisk kandidateksamen og magistergrad i pedagogikk. Frå 1970 var han tilsett i vitskapelege stillingar ved Universitetet i Oslo, der han óg leia faglege styre, utval og utgreiingar. Kvam har mellom anna hatt oppdrag for Nordisk Ministerråd og Europarådet, og leia eit treårig norsk utviklingsprosjekt ved Universitet i Harare, Zimbabwe. Han har sidan 1995 skrive artiklar med lokalhistoriske tema.