Jakob Sande (1906–1967) var ein norsk forfattar og visesongar. Han vart fødd i Dale i Fjaler i Sunnfjord og debuterte i 1929 med diktsamlinga Svarte næter.
Sande avla Cand. Philol.-eksamen i 1931, og reiste deretter til sjøs. I 1934 vart han lektor i Fredrikstad, og etter andre verdskrigen arbeidde han som lektor i Oslo.
Jakob Sande henta det meste av stoffet frå sjømannslivet og livet i vestlandsbygdene.
Sande sine dikt vekslar mellom burlesk og til tider grotesk humor (f.eks. i Kallen og katten og Likfunn) til sterkt kjensleladde dikt som Fløytelåt og Vesle Daniel. Han har og skrive seg inn i salmebøker med Det lyser i stille grender og Salme.
Til minne om Jakob Sande vart det i 2001 avdekt ei statue av Vesle Daniel i Dale i Sunnfjord. I tillegg finn vi ei byste av diktaren framfor Fjaler Ungdomsskule.
I jubileumsåret 2006 ville Jakob Sande fylt 100 år.