Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Håvard Bjelland

Håvard Bjelland ( f. 1966) er frå Askøy og har budd i Oslo sidan 1987. Han arbeider som fotograf ved Bergens Tidendes oslokontor og har vore fotograf i avisa sidan 1985, med eit lite opphald 2001/2002 da han var tilsett i Dagens Næringsliv.

Bjelland har vunne 13 prisar i presse- og dokumentarfoto-konkurransen Årets bilde, og har i 1999 blitt tildelt J.W.Eides stiftelse sin pris. I 2011 blei han nominert til Den store journalistprisen for arbeid om skadde soldatar. Dokumentarfoto frå krigen i Afghanistan har blitt vist i tre separatutstillingar.