Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Gunn Karoline Fugle

Gunn Karoline Fugle (f.1961) er utdanna musikkterapeut med hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo. Ho har spesialistutdanning i barne- og ungdomspsykiatri, klinisk pedagogikk, og utdanning i kroppsdynamisk psykoterapi. Har jobba både med psykoseproblematikk, og barn og vaksne med utviklingshemming.

Fugle har undervist og skrive artiklar om bruk av musikk i arbeid med barn og unge, og vore oppteken av å formidle kunnskap slik at pedagogar, terapeutar, foreldre og andre utan musikkfagleg bakgrunn kan nytte musikken sitt leike- og samspelpotensiale i kvardagen med barn. 

Fugle arbeider no som musikkterapeut og klinisk pedagog ved BUP Førde (Psykisk helsevern for barn og unge). Ho arbeider der med barn med psykiske vanskar og er spesielt oppteken av korleis vi kan støtte barnet si leikeutvikling og symbolisering gjennom leik og musikkaktivitet. Ho driv Musikk og helse der ho gjev kurs og rettleiing i bruk av musikk i arbeid med barn og unge.