Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Bjørg Hovland

Bjørg Hovland (f. 1941) er frå Luster og er sterkt engasjert i kulturarbeid, også innan husflid og handverk.

Hovland har drive registreringsarbeid i indre- og midtre Sogn, har rekonstruert fleire draktplagg og skrive artiklar i både fagblad og bøker.  Ho syr bunader og har halde kurs i bunadsaum og om hovudplagg.

Bjørg Hovland er tildelt Norges Husflidslags «Gullnål med Diplom», og ho fekk Luster kommune sin kulturpris i 1996.