skald.no > Nytt > Vestlandsreisa – Greetings from the fjords

Vestlandsreisa – Greetings from the fjords

Bokslepp i vestlandsidyll

Vestlandsreisa – Greetings from the fjords

I helga opna Den norske bokbyen i Fjærland dørane for ein ny boksommar. Under opningsfestivalen i helga vart det også slepp av praktboka Vestlandsreisa – Greetings from the fjords – ei samling av kolorerte suvenirkort frå Vestlandet frå 1890-åra.

Biletet på framsida viser Fjærland som alt då var eit av dei mest idylliske reisemåla for turistane med Hotel Mundal som tradisjonell gjestgivarstad. Det var difor ikkje lite overraskande å finne ein original av dette postkortet som pryda ein av veggane inne i hotellet.

Postkorta som er gjengitt i boka er stilt til disposisjon av Library of Congress, Washington DC, som har digitalisert ei samling med over 6000 motiv frå Skandinavia.


Boka Vestlandsreisa – Greetings from the fjords tek deg med på ei vestlandsreise på slutten av 1800-talet. Her er samla 80 klassiske turistmotiv frå landsdelen – frå Hardanger i sør til Romsdalen i nord. Bileta er typiske for si tid, og motiva frå kvardagsliv, byliv, landskap og arkitektur fall i smak hjå dei reisande.

Last ned ein smakebit av boka her:
- Smakebit: Vestlandsreisa