Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Nynorske klassikarar

 
Bli abonnent på Nynorske klassikarar – den første og einaste abonnementsordninga for verdsklassikarar på nynorsk! 

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ei ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket. Det vert gitt ut om lag 3 titlar i året som regel ein til påske, ein til sommarferien og ein til jul. Serien har blitt kåra til Årets vakreste bokserie 2017 av Grafill, og er eit smykke i hylla i tillegg som den gir stor leseglede! Du kan finne ei oversikt over alle utgivingar her: http://skald.no/utgjevingar/?kategori=skalds_klassikarar 


Dette får du som abonnent:

* Du er den første som får vite om dei nye bøkene i serien.
* Vi sender deg boka same dag vi får ho på lager.
* Du får maksrabatt 12,5% på alle bøkene, uansett tal.
* Og du får boka fraktfritt i postkassa. 

Korleis fungerer det:
Så snart ei bok er sendt til trykk, sender vi ut ein e-post om den nye boka i serien. Vil du ha boka, treng du ikkje å gjere nokon ting, og du vil få boka i postkassa som ein av dei aller første i landet. Betalingsgiro vert sendt på e-post og kopi lagt ved i pakka. 
Ynskjer du ikkje boka, avbestiller du innan 14 dagar. Du vil framleis vera abonnent og få tilbod om neste bok. 

Dersom du ikkje ynskjer å vera abonnent lenger, skriv du det i svaret til oss. Du kan også avbestille abonnementet på Nynorske klassikarar ved å sende e-post til klassikar@skald.no.

Interessert? Send e-post til klassikar@skald.no for uforpliktande informasjon.