Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Vi er stadig meir opptatt av det kortreiste, det nære og dei gode kvalitetane. Dette speglar seg også i SKALD si haustliste.
I år handlar fleire av bøkene om det vi har rundt oss, det som alltid har vore der, kvardagen og den enkle filosofien.

Frå låver til byggverk av stein
Duoen bak salsuksessen Norges låver, Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth, har denne gongen tatt for seg byggverk av stein i boka som nettopp har tittelen: Av stein. I boka viser forfattar og fotograf milelange steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus reist av våre forfedre. Ved sjøen, på fjellet og ikkje minst i bonden sitt kulturlandskap står dei gamle murane og fortel historier.
– Dei fortel om levemåten den gongen då stein var ein av dei få ressursane mange bønder hadde rikeleg av, seier forfattar Eva Røyrane og føyer til: – Dei fortel om slit, strev og tunge tak og om eit handverk som skapte byggverk som vi enno både beundrar og undrar oss over.

Det enkle og nære er ofte det beste
– Kan de tenkja dykk å gi ut ei kokebok om kortreist mat som er lett å lage i kvardagen? spurde Anders Totland ein vakker vårdag.
– Godt mogleg, om konseptet fungerer, svara forlagssjefen Simone Stibbe.
Dagen etter låg første utkast klart i innboksen. Totland er journalist, organist, småbarnsfar, hagebonde og forfattar, men han er òg utdanna kokk. Saman med fotografkollega Marius Knutsen har dei vidareutvikla matspalta dei har i avisa Sunnhordland til å bli årets diggaste kokebok: DIGG Gjer kvardagen til ein fest. På sitt joviale og ujålete vis forvandlar Totland råvarene frå nærbutikken til saftige rettar som freistar både dei matleie og dei i tidsklemma.
– DIGG
er ei bok som vekkjer kreativiteten når Totland stadig vekk tipsar om korleis ein kan variere rettane og ikkje minst nytte restane, fortel forlagssjefen som straks falt for den jordnære ideen til Totland og Knutsen.
– Vi ynskjer å inspirere til å redusere matsvinn, og har både restetips og eit eige kapittel om restemat i boka, samstundes som vi gir råd til matauk i ein eigen bolk med oppskrifter frå hage til mage, fortel Anders Totland som oppmoder alle om å handle også boka lokalt. Difor har han starta samarbeidet "Vinn ein kokk" med bokhandlarane på Karmøy og Stord der han loddar ut seg sjølv blant dei som kjøper boka lokalt.

It's tree time
Tre og skog er i vinden som aldri før, og folk seier at tre kan lære oss å vera lukkelege. I årtusen har dei betydd mykje for oss menneske, og i haust er forfattar og fotograf Lisbeth Dreyer bokaktuell med Fortellinger om trær. Dreyer har reist landet rundt med kamera og penn på jakt etter tre som kan fortelje oss noko – sære tre, historiske tre, sjeldne tre, freda tre.
– Det er umogleg å reise gjennom Noreg utan å sjå tre. De er som gamle venner, seier Lisbeth Dreyer, og innrømmer at arbeidet med boka har gjort noko med ho.
– Det skjer noko heilt eige når ein står under eit tre, noko uforklarleg og magisk.

Med hjartet i fatle
Det er ei gåve å kunne setje ord på augneblikk som rører hjarta våre. Twitterpoeten Magne Velle har klart det, og er blitt rosa for sine kloke, korthogde tekstar. No har han samla dei beste i den lågmælte vesle gåveboka Med hjartet i fatle. Med snert skildrar han kvardagen og tankar vi kan kjenne oss att i.
– Eg skriv så kort som eg kan, og målet er at ettertanken skal verta lenger enn teksten, seier Magne Velle.
Per Ragnar Møkleby akkompagnerer det heile med underfundige og fargesterke illustrasjonar, og saman har dei laga ei sjeldan gåvebok.
– I denne sjangeren finst det lite på nynorsk, opplyser forlagsredaktør Lars Nes.

Kvinner mellom draum og verkelegheit
SKALD held fram med den kritikarrosa verdsklassikarserien, og denne hausten er det Gustave Flauberts verdskjende Madame Bovary og Robert Musils Tre kvinner som kan flotte seg i flunkande ny nynorsk språkdrakt, omsett av Margunn Vikingstad og Øystein Vidnes. Bøkene har til felles med James Joyce si Dei Døde (som kom tidlegare i år) at dei var banebrytande i si samtid, og alle dei tre mannlege forfattarane har kvinner som omdreiingspunkt i forteljinga.
– Flaubert, Joyce og Musil var på ulike måtar opptekne av å gå inn i andre personlegdommar enn sine eigne for å finne noko å kjenne seg igjen i, og fortel oss framleis noko grunnleggande om å vere menneske, seier Simone Stibbe, fødselshjelpar og redaktør for serien.
Nytt av året er at SKALD har starta landets einaste nynorske bokklubb for nettopp denne serien.
– Talet på medlem er stadig stigande og abonnentane får bøkene som dei første i landet rett i postkassa, opplyser marknadsjef Åsta Urdal.
 
Barnegrøssar og trolldomsprosessar
Når haustmørket blandar seg med regntunge gråversdagar er det tid for dei meir skumle titlane frå forlaget si haustliste. Ferskpressa og i god tid før Halloween kjem grøssaren Reisa til verdas farlegaste land i bokhandelen. I haustlistas einaste bok for barn har Simen Hagerup gjendikta Malte Perssons uverkelege rim og vers som blant anna fortel om spøkelsesslott og svoltne sjøormar. Som ei tivolireise med spøkelsestoget kan vi med skrekkblanda fryd bla oss frå rom til rom, der illustratør Rui Tenreiro har måla fram både rufsete prinsesser og gretne troll. Boka byggjer på tradisjonelle element frå klassiske eventyr og gamle soger, og ein treng ikkje vere redd for å verte fanga i alt det – forfattaren tek med seg barna ut av det grufulle slottet og heimatt.
I Liv Helene Willumsensen sin Kilder til trolldomsprosessene i Finnmark får vi eit unikt innblikk i 1600-talets skjebne for dei menn og kvinner som vart anklaga for trolldom og brent på bålet. Rettsreferata som i denne boka er omsett og utgitt i modernisert norsk utgåve, er det eldste materialet i Statsarkivet i Tromsø – eit svært verdifullt materiale som er ein del av UNESCOs register for Norges dokumentarv.

Som ein kan sjå er haustlista frå SKALD som vanleg variert, men forlagssjef Simone Stibbe er spesielt nøgd med å ha fleire potensielle bestseljarar på lista.
– Vi er nøygde med årets samansetjing, vi har berre 15 utgivingar i året, og i år er heile fire av dei kandidatar til å kunne treffe veldig mange, avsluttar Stibbe.

Last ned katalogen med årets bøker her: SKALD årets bøker 2017

 

Relaterte titlar