skald.no > Nytt > Unikt og annleis

Unikt og annleis

Anne-Karine Strøm og Esten Borgos med bok om handplukka stader i Noreg

Unikt og annleis

Noreg har mange små perler å by på. Blant ei rekke stader som skreddarsyr opplegg for møte og reiser for bedrifter, har Innovasjon Norge i samarbeid med landbruksorganisasjonar valt ut 15 konferansestader. Dei kallar dei ”Handplukka”. Dei utvalde stadene er ekte og autentiske og gir høve til å oppleve kultur og norske tradisjonar på ein ny og spennande måte. Dei har alle eigenart og sjel, og dei har i tillegg lagt spesielt vekt på kulinariske opplevingar inspirert av lokale råvarer og tradisjonar.
Gjennom eit år har forfattar Anne-Karine Strøm og fotograf Esten Borgos samla inntrykk, opplevingar og oppskrifter til ei ny og fascinerande praktbok.

Last ned smakebit av boka her:
Handplukket-smakebit.pdf

Desse er handplukka:
1. Rundhaug Gjestegård
2. Utistu
3. Petrines Gjestgiveri
4. Lom og Jotunheimen
5. Sygard Grytting
6. BesteBakken
7. Bjørnefjorden Gjestetun
8. Hardingasete
9. Mo Laksegard
10. Fausko Skysstasjon
11. Lien Fjellgard
12. Maarud Gaard
13. Storaas
14. Færsnes Gjestegård
15. Hausvik Maritime