I samband med nattope på Galleriet fredag 30. november samla me nokre av dei som står bak Godnattboka – nynorske forteljingar. Det vart signering både i trappa til Norli Galleriet på hjørnet og i vindauga på Norli Papiravdelinga. Folk stod i kø og fekk helsingane sine av hyggjelege forfattarar og hyggjeleg "utstillingsdokke" (Gunvor R.).