Språkrådet deler kvart år ut diplom til verksemder som har valt gode norske namn. I år vert sju verksemder i Sogn og Fjordane heidra med diplom. Skald er etter direktør Sylfest Lomheim si meining Noregs beste forlagsnamn.
– Skalden var den norrøne diktaren, og det er nesten ufatteleg at ingen har brukt dette namnet før. Eit betre forlagsnamn kan nesten ikkje tenkjast, seier Lomheim.
Skald fekk namn i 1991 då den framtidige forleggjaren Lars Nes, kunstnar Janne Nes og styreleiar Jon Skjerdal i dei seine nattetimar bestemte seg for å starta kulturbedrift i Sogn og Fjordane.
– Me måtte ha eit namn som formidla kva me skulle driva med, og etter mykje mjød var dette eit opplagt val, seier Lars Nes.
Diplom vart delt ut i Sogndal fredag 12. desember.